1 Til korleiaren. Etter Jedutun. Ein salme av David.
2 Berre hos Gud er eg stille,frå han kjem mi frelse.
3 Berre han er mitt berg og mi frelseog mitt vern, eg skal ikkje vakla.
4 Kor lenge kan de alle gå laus på ein mannfor å slå han i hel?Han er då ein lutande vegg,ein nedbroten mur.
5 Dei legg planar om å støyta han ned,ned frå hans høgd, dei elskar svik.Dei velsignar med munnen,men inst inne forbannar dei. Sela