5 Dei legg planar om å støyta han ned,ned frå hans høgd, dei elskar svik.Dei velsignar med munnen,men inst inne forbannar dei. Sela
6 Berre hos Gud skal eg vera still,frå han kjem mi von.
7 Berre han er mitt berg og mi frelseog mitt vern, eg skal ikkje vakla.
8 Hos Gud er mi frelse og mi ære.Mitt mektige berg, mi tilflukt er hos Gud.
9 Lit alltid på han, de folk,aus ut dykkar hjarte for han!Gud er vår tilflukt. Sela
10 Småfolk er berre ein pust,stormenn er ei løgn,på vektskåla vippar dei opp,lettare enn eit vindpust er dei alle.
11 Set ikkje lit til vald,ha ikkje fåfengd von til rov!Om rikdomen aukar,lat deg ikkje merka med det!