3 I heilagdomen skoda eg deg,eg såg di makt og din herlegdom.
4 For di miskunn er betre enn livet.Leppene mine skal syngja din pris.
5 Slik vil eg velsigna deg heile mitt livog lyfta hendene i ditt namn.
6 Eg blir metta som med feite retter,med jublande lepper prisar eg deg.
7 Eg tenkjer på deg der eg ligg og kviler,og grundar på deg gjennom natta.
8 For du har vore ei hjelp for meg,eg jublar i skuggen av dine venger.
9 Eg held fast ved deg,di høgre hand grip tak i meg.