2 Høyr meg, Gud, når eg bed,vern mitt liv når fienden skremmer!
3 Gøym meg for banden av valdsmenn,for hopen av dei som gjer urett.
4 Dei kvesser si tunge som eit sverdog siktar inn pilene, dei beiske orda.
5 Frå bakhald vil dei skyta den skuldlause.Brått skyt dei han, dei er ikkje redde.
6 Dei styrkjer kvarandre med vonde ord.Dei talar om å setja snarerog seier: «Ingen vil sjå dei.»
7 Dei tenkjer ut vondskap.«No er vi klare, tanken er tenkt,det er store djup i menneskehjartet!»
8 Men Gud skyt dei med piler,brått blir dei råka.