5 Frå bakhald vil dei skyta den skuldlause.Brått skyt dei han, dei er ikkje redde.
6 Dei styrkjer kvarandre med vonde ord.Dei talar om å setja snarerog seier: «Ingen vil sjå dei.»
7 Dei tenkjer ut vondskap.«No er vi klare, tanken er tenkt,det er store djup i menneskehjartet!»
8 Men Gud skyt dei med piler,brått blir dei råka.
9 Han fører dei til fall,deira eiga tunge rammar dei.Alle som ser dei, blir skaka.
10 Alle menneske blir gripne av frykt.Dei kunngjer Guds verkog skjønar det han har gjort.
11 Den rettferdige gleder seg i Herrenog søkjer tilflukt hos han.Den ærlege av hjartet prisar seg lukkeleg.