10 Du gjestar jorda og lèt henne drikka djupt,du gjer henne overdådig rik.Guds bekk er full av vatn,du sørgjer for kornet,ja, såleis sørgjer du for henne.
11 Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene,med regnskurer gjer du jorda mjuk,du velsignar hennar grøde.
12 Du kronar året med dine gode gåver,spora dine flyt over av rikdom,
13 beita i øydemarka flyt over,haugane smykkar seg med jubel.
14 Markene kler seg med sauer,dalane sveiper seg i korn.Dei ropar av glede, dei syng.