2 Lovsongen høyrer deg til, Gud, på Sion,for deg skal lovnader oppfyllast,
3 du som høyrer bøner,til deg kjem alle menneske.
4 Når vår skuld blir for sterk for oss,tilgjev du våre brot.
5 Sæl er den som du vel utog tek inn til degså han får bu i føregardane dine.Vi vil metta oss med det gode i ditt hus,med det heilage i ditt tempel.
6 Med skremmande gjerningarsvarar du oss i rettferd,Gud, vår frelsar.Alle verdsens endar og det yttarste havetstolar på deg.
7 Du reiste fjella med di kraft,du var kledd med velde.
8 Du døyvde det brusande havet,bølgjebruset og ståket av folka.