5 Sæl er den som du vel utog tek inn til degså han får bu i føregardane dine.Vi vil metta oss med det gode i ditt hus,med det heilage i ditt tempel.
6 Med skremmande gjerningarsvarar du oss i rettferd,Gud, vår frelsar.Alle verdsens endar og det yttarste havetstolar på deg.
7 Du reiste fjella med di kraft,du var kledd med velde.
8 Du døyvde det brusande havet,bølgjebruset og ståket av folka.
9 Dei som bur lengst unna,blir gripne av frykt ved dine teikn.Ved morgonens og kveldens portarskaper du jubel.
10 Du gjestar jorda og lèt henne drikka djupt,du gjer henne overdådig rik.Guds bekk er full av vatn,du sørgjer for kornet,ja, såleis sørgjer du for henne.
11 Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene,med regnskurer gjer du jorda mjuk,du velsignar hennar grøde.