14 Sjølv til dykk som låg mellom sauene,er det duevenger dekte med sølv,vengefjører av grønt gull.
15 Då Den veldige spreidde kongane,snødde det på Salmon-fjellet.»
16 Basan-fjellet er eit gudefjell,Basan-fjellet med høge tindar.
17 Høge tindar, kvifor ser de skeivttil fjellet som Gud ville ha til bustad,der Herren vil bu for alltid?
18 Guds vogner er ti tusen gonger tusen,Herren er mellom dei, heilag som på Sinai.
19 Du steig opp i det høge, førte bort fangar,tok gåver blant menneska, jamvel opprørarar,så du kunne bu der, Herre og Gud.
20 Velsigna er Herren dag etter dag!Gud er vår redning, han ber oss. Sela