17 Høge tindar, kvifor ser de skeivttil fjellet som Gud ville ha til bustad,der Herren vil bu for alltid?
18 Guds vogner er ti tusen gonger tusen,Herren er mellom dei, heilag som på Sinai.
19 Du steig opp i det høge, førte bort fangar,tok gåver blant menneska, jamvel opprørarar,så du kunne bu der, Herre og Gud.
20 Velsigna er Herren dag etter dag!Gud er vår redning, han ber oss. Sela
21 Vår Gud er ein Gud som frelser,hos Gud Herren er det utveg frå døden.
22 Men Gud knuser hovudet på sine fiendar,den hårete skallen på dei som stadig lever i skuld.
23 Herren seier: «Eg fører deg tilbake frå Basan,eg fører deg tilbake frå havsens djup,