2 Gud skal reisa seg, hans fiendar bli spreidde,dei som hatar han, skal rømma for han.
3 Slik røyk driv bort, skal du driva dei bort.Slik voks må smelta for elden,går dei urettferdige til grunne for Gud.
4 Men dei rettferdige skal gleda seg,fryda seg for Guds andlet og jubla av glede.
5 Syng for Gud! Lovsyng hans namn!Rydd veg for han som rid gjennom øydemark! Herren er hans namn. Jubla for han!
6 Gud i sin heilage bustader far for farlause, forsvarar for enkjer.
7 Gud lèt einsame finna ein heim,han fører fangar ut til lukke og trivsel,men opprørarar må bu i eit audt og avsvidd land.
8 Gud, då du drog ut framfor folket ditt,då du skreid fram gjennom ørkenen, Sela