7 Gud lèt einsame finna ein heim,han fører fangar ut til lukke og trivsel,men opprørarar må bu i eit audt og avsvidd land.
8 Gud, då du drog ut framfor folket ditt,då du skreid fram gjennom ørkenen, Sela
9 då skalv jorda, og det draup frå himmelenfor Gud, Sinais Gud, Israels Gud.
10 Du lét regnet strøyma, Gud,ditt utarma land gav du styrke.
11 Der fekk flokken din slå seg ned.Gud, du sørgde for dei hjelpelause, for du er god.
12 Herren sender ut eit ord,stor er skaren av kvinner som kjem med gledebod:
13 «Kongar over hærar flyktar, dei flyktar!Kvinnene heime deler bytte.