1 Til korleiaren. Etter «Liljene». Av David.
2 Frels meg, Gud!Vatnet når meg til halsen.
3 Eg har sokke ned i myr og djup,foten finn ikkje feste.Eg er komen ut på djupt vatn,flaumen skyl over meg.
4 Eg er trøytt av å ropa,halsen er hås,auga sloknar,eg har venta på min Gud.
5 Dei som hatar meg utan grunn,er fleire enn håra eg har på hovudet.Mine svikefulle fiendar er mange,dei som vil gjera ende på meg.Det eg ikkje har røva,må eg likevel gje tilbake.