10 Brennande iver for ditt hus har tært meg opp.På meg fall spottorda frå dei som spottar deg.
11 Eg gret og fasta,då vart eg spotta.
12 Eg kledde meg i sekkestrie,då laga dei spottevers om meg.
13 Dei snakkar om meg når dei sit i porten,syng om meg når dei drikk seg fulle.
14 Men eg bed til deg, Herre, i nådens tid,til deg, Gud, i di store miskunn.Svar meg med di trufaste hjelp.
15 Berg meg frå å søkka i gjørma,berg meg frå dei som hatar meg,frå det djupe vatnet!
16 Lat ikkje flaumvatnet skylja over meg,lat ikkje djupet sluka megeller brønnen lata att sin munn over meg!