19 Kom til meg, løys meg ut,fri meg frå mine fiendar!
20 Du veit korleis eg blir spotta,du kjenner mi vanære og mi skam.Du ser alle som står imot meg.
21 Spott har knust mitt hjarte,det kan ikkje lækjast.Fåfengt vona eg på medynk,eg fann ingen som kunne trøysta.
22 Dei gav meg gift i maten;då eg var tørst, fekk eg eddik å drikka.
23 Lat bordet deira bli ei snare for deiog ei felle for deira vener.
24 Lat auga deira dimmastså dei ikkje kan sjå!Lat alltid hoftene deira skjelva!
25 Aus ut din harme over dei,lat din brennande vreide nå dei!