27 For dei jagar etter dei du har slege,og aukar smerta hos dei du har såra.
28 Legg skuld til den skulda dei har,lat dei ikkje få del i di rettferd!
29 Lat dei strykast ut av livsens bokog ikkje skrivast inn med dei rettferdige.
30 Men eg er hjelpelaus og lidande,Gud, hjelp meg og vern meg!
31 Eg vil prisa Guds namn med songog hylla han med lovsong.
32 Det gleder Herren meir enn stutar,meir enn oksar med horn og klauver.
33 Dei hjelpelause ser det og blir glade.Må hjartet dykkar leva, de som søkjer Gud!