7 Lat ikkje dei som vonar på deg,Herre Gud Sebaot,bli til skamme på grunn av meg!Lat ikkje dei som søkjer deg,skjemmast på grunn av meg, Israels Gud!
8 For di skuld har eg bore spott,andletet er dekt av skam.
9 Eg har vorte ein framand for mine brør,ein ukjend for sønene til mor mi.
10 Brennande iver for ditt hus har tært meg opp.På meg fall spottorda frå dei som spottar deg.
11 Eg gret og fasta,då vart eg spotta.
12 Eg kledde meg i sekkestrie,då laga dei spottevers om meg.
13 Dei snakkar om meg når dei sit i porten,syng om meg når dei drikk seg fulle.