9 Eg har vorte ein framand for mine brør,ein ukjend for sønene til mor mi.
10 Brennande iver for ditt hus har tært meg opp.På meg fall spottorda frå dei som spottar deg.
11 Eg gret og fasta,då vart eg spotta.
12 Eg kledde meg i sekkestrie,då laga dei spottevers om meg.
13 Dei snakkar om meg når dei sit i porten,syng om meg når dei drikk seg fulle.
14 Men eg bed til deg, Herre, i nådens tid,til deg, Gud, i di store miskunn.Svar meg med di trufaste hjelp.
15 Berg meg frå å søkka i gjørma,berg meg frå dei som hatar meg,frå det djupe vatnet!