3 Lat dei ikkje riva meg sund som løverog dra meg bort utan at nokon bergar meg.
4 Herre, min Gud, om eg har fare slik framat det er urett i mine hender,
5 om eg har gjort vondt mot min venog rana min motstandar utan grunn,
6 så lat fienden jaga meg og nå meg att,trakka mitt liv til jordaog kasta mi ære i støvet. Sela
7 Reis deg, Herre, i din vreide,stå opp mot fiendane som rasar mot meg!Vakna, min Gud, du som stemner til doms.
8 Lat folka samla seg kring deg,ta ditt sete over dei i det høge!
9 Herren dømmer folka.Gjev meg min rett, Herre,for eg er rettferdig og heil i mi ferd.