9 Herren dømmer folka.Gjev meg min rett, Herre,for eg er rettferdig og heil i mi ferd.
10 Gjer ende på vondskapen til dei som gjer urett,men lat den rettferdige bli ståande,du som prøver hjarte og nyrer,du rettferdige Gud.
11 Gud er mitt skjold,han frelser dei ærlege av hjartet.
12 Gud er ein rettferdig dommar,ein Gud som alltid kan bli harm.
13 Dersom nokon ikkje vender om,vil han kvessa sverdet,spenna bogen og sikta,
14 gjera sine drepande våpen klareog setja fyr på sine piler.
15 Sjå, den som er svanger med urett,har avla ugjerning og føder løgn.