12 Ver ikkje langt borte frå meg, Gud.Min Gud, skund deg og hjelp meg!
13 Lat dei som set fram klagemål mot meg,bli til skamme og gå til grunne.Lat dei som søkjer mi ulukke,bli dekte av vanære og skam!
14 Men eg vil alltid venta med von,eg vil leggja min lovsong til all lovsong du får.
15 Min munn skal fortelja om di rettferd,dagen lang om di frelse,endå dine gjerningar ikkje kan teljast.
16 Eg vil tala om Herren Guds storverk,forkynna di rettferd, di åleine.
17 Gud, frå eg var ung, har du lært meg opp.Framleis fortel eg om dine under.
18 Gud, forlat meg ikkjesjølv når eg blir gammal og grå,lat meg tala om di krafttil heile den slekta som kjem.Ditt velde