19 og di rettferd, Gud,når til det høgste.Du som har gjort så store ting,Gud, kven er som du?
20 Trengsler og ulukkerlét du meg sjå,men du vekkjer meg til liv på nytt,og du lyfter meg opp attfrå djupa under jorda.
21 Gjev meg min stordom tilbake,vend deg til meg og trøyst meg!
22 Så vil eg prisa deg til harpespel,prisa din truskap, min Gud.Eg vil syngja for deg og spela på lyre,du Israels Heilage.
23 Når eg spelar for deg,skal leppene mine jubla,mi sjel som du har fria ut.
24 Også tunga mi skal taladagen lang om di rettferd.For dei som vil meg vondt,har vorte til skamme og til spott.