4 Fri meg, Gud, frå handa til dei lovlause,frå grepet til dei som fer med urett og vald!
5 Du er mi von, min Herre og Gud,mi trøyst frå eg var ung.
6 Frå eg vart fødd, har eg stødd meg til deg,frå mors liv er du min styrke.Eg vil alltid prisa deg.
7 Eg har vorte til eit teikn for mange,du er mi tilflukt og mitt vern.
8 Min munn er full av lovsong,eg syng om din herlegdom dagen lang.
9 Kast meg ikkje bort i alderdoms år,forlat meg ikkje når kreftene tek slutt!
10 Fiendane mine talar om meg,dei som står meg etter livet, held råd.