8 Min munn er full av lovsong,eg syng om din herlegdom dagen lang.
9 Kast meg ikkje bort i alderdoms år,forlat meg ikkje når kreftene tek slutt!
10 Fiendane mine talar om meg,dei som står meg etter livet, held råd.
11 Dei seier: «Gud har forlate han.Jag han og grip han!Det er ingen som bergar han.»
12 Ver ikkje langt borte frå meg, Gud.Min Gud, skund deg og hjelp meg!
13 Lat dei som set fram klagemål mot meg,bli til skamme og gå til grunne.Lat dei som søkjer mi ulukke,bli dekte av vanære og skam!
14 Men eg vil alltid venta med von,eg vil leggja min lovsong til all lovsong du får.