11 Alle kongar skal kasta seg ned for han,alle folkeslag skal tena han.
12 Han bergar ein fattig som ropar,ein stakkar som ingen hjelper.
13 Han bryr seg om fattige og veike,han bergar livet til dei fattige.
14 Han løyser dei frå tvang og vald,deira liv er dyrt i hans auge.
15 Kongen skal levaog få gull frå Saba!Folk skal alltid be for hanog velsigna han dagen lang.
16 Lat kornhaugane bli høge som fjell,grøda bølgja som Libanons skog.Lat byane bløma som graset på marka!
17 Lat namnet hans leva til evig tid,skyta friske skot så lenge sola er til!Dei skal velsigna seg ved han,alle folk skal prisa han sæl.