17 heilt til eg gjekk inn i Guds heilagdom;då skjøna eg kva framtid dei får.
18 Ja, du fører dei ut på glatte vegar,du får dei til å falla og bli knuste.
19 Brått går dei til grunne,det er slutt, dei endar i redsle.
20 Dei er som ein draum når ein vaknar.Du foraktar synet av deinår du reiser deg, Herre.
21 Så lenge eg var beisk i hjartetog det stakk i nyrene,
22 var eg dum og visste ingen ting,som eit fe var eg mot deg.
23 Men eg blir alltid verande hos deg,du har gripe mi høgre hand.