18 Ja, du fører dei ut på glatte vegar,du får dei til å falla og bli knuste.
19 Brått går dei til grunne,det er slutt, dei endar i redsle.
20 Dei er som ein draum når ein vaknar.Du foraktar synet av deinår du reiser deg, Herre.
21 Så lenge eg var beisk i hjartetog det stakk i nyrene,
22 var eg dum og visste ingen ting,som eit fe var eg mot deg.
23 Men eg blir alltid verande hos deg,du har gripe mi høgre hand.
24 Du leier meg med ditt råd,og sidan tek du imot meg i herlegdom.