2 Men eg var nær ved å snubla,foten heldt på å gli ut.
3 For eg var misunneleg på dei hovmodige,eg såg at det gjekk dei urettferdige vel.
4 Dei er utan plager til sin død,magen er god og mett.
5 Dei lid ikkje som andre menneske,dei blir ikkje plaga som andre folk.
6 Difor er hovmod deira halskjede,dei er kledde i ei drakt av vald.
7 Synda deira kjem av velstand,hjartans tankar fløymer over.
8 Dei spottar, dei talar i vondskap,ovanfrå trugar dei med vald.