22 var eg dum og visste ingen ting,som eit fe var eg mot deg.
23 Men eg blir alltid verande hos deg,du har gripe mi høgre hand.
24 Du leier meg med ditt råd,og sidan tek du imot meg i herlegdom.
25 Kven har eg elles i himmelen?Når eg er hos deg, har eg ikkje glede i noko på jorda.
26 Om kropp og hjarte forgår,er Gud for evig mitt hjartans berg og min del.
27 Dei som held seg borte frå deg, går til grunne,du gjer ende på alle som er utrue mot deg.
28 Men for meg er det godt å vera nær Gud.Eg har teke mi tilflukt til Herren Gud.Eg vil fortelja om alle dine gjerningar.