6 Difor er hovmod deira halskjede,dei er kledde i ei drakt av vald.
7 Synda deira kjem av velstand,hjartans tankar fløymer over.
8 Dei spottar, dei talar i vondskap,ovanfrå trugar dei med vald.
9 Dei lyfter munnen mot himmelen,og tunga fer omkring på jorda.
10 Difor vender folk seg til deiog syg i seg deira ord.
11 Dei seier: «Korleis skulle Gud vita om det?Har Den høgste kjennskap til noko?»
12 Slik er dei urettferdige,støtt er dei trygge og aukar sin rikdom.