17 Du fastsette alle grenser på jorda,sommar og vinter er det du som har skapt.
18 Hugs dette: Fienden spottar Herren,eit folk av dårar foraktar ditt namn.
19 Gjev ikkje turteldua di til villdyr,gløym aldri dine armingars liv!
20 Vend blikket mot di pakt!Landet er fullt av mørke staderder valden bur.
21 Lat ikkje den undertrykte gå bort med skam,lat dei fattige og hjelpelause prisa ditt namn!
22 Reis deg, Gud, og før di sak!Hugs at du blir spotta av dårar dagen lang.
23 Gløym ikkje ropet frå dine fiendar,larmen som alltid stigfrå dei som står deg imot.