1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein salme av Asaf. Ein song.
2 Gud, vi prisar og takkar deg.Vi kallar på ditt namnog fortel om dine underfulle verk.
3 «Eg har fastsett ei tiddå eg skal halda rettferdig dom.
4 Jorda og alle som bur der, kan vakla,men eg har gjort hennar søyler faste.» Sela
5 Eg sa til dei som skryter: «Skryt ikkje!»og til dei urettferdige: «Kneis ikkje med horna!
6 Lyft ikkje horna mot det høge,gjer ikkje nakken bratt og talen frekk!»