2 Gud er kjend i Juda,hans namn er stort i Israel.
3 I Salem er hans hytte reist,på Sion står hans bustad.
4 Der braut han sund lynande piler,krigens våpen, skjold og sverd. Sela
5 Du er strålande og herleg,meir enn dei evige fjell.
6 Modige menn vart plyndra.Kvar krigar hadde sovna inn,ingen kunne lyfta ei hand.
7 Hest og ryttar fall i uvitdå du truga, Jakobs Gud.
8 Du er den som alle må frykta.Kven kan stå for ditt andletnår du blir vreid?