6 Eg tenkjer på gamle dagar,minnest framfarne år.
7 Om natta tenkjer eg på dette,hjartet grublar, ånda granskar.
8 Vil Herren støyta oss bort for alltidog ikkje lenger vera god mot oss?
9 Er hans miskunn slutt for evig,er ordet hans borte for alle slekter?
10 Har Gud gløymt å vera nådig,har han late att hjartet i vreide? Sela
11 Eg seier: «Dette plagar meg:høgre handa til Den høgsteer ikkje lenger den same.»
12 Eg minnest Herrens verk,minnest dine under frå gammal tid.