9 Er hans miskunn slutt for evig,er ordet hans borte for alle slekter?
10 Har Gud gløymt å vera nådig,har han late att hjartet i vreide? Sela
11 Eg seier: «Dette plagar meg:høgre handa til Den høgsteer ikkje lenger den same.»
12 Eg minnest Herrens verk,minnest dine under frå gammal tid.
13 Eg grundar på alt du gjorde,og grublar over dine storverk.
14 Gud, i heilagdom går du fram.Kven er ein gud så stor som vår Gud?
15 Du er den Gud som gjer under,mellom folka lèt du di makt bli kjend.