1 Ein læresalme av Asaf.Lytt, mitt folk, til mi lov,vend øyra til orda frå min munn!
2 Eg vil opna munnen og tala i bilete,la gåter frå gammal tid strøyma fram.
3 Det vi har høyrt og kjenner til,det fedrane våre har fortalt oss,
4 det løyner vi ikkje for deira born.For neste slektsleddvil vi lovprisa Herren,hans velde og det underfulle han har gjort.
5 Han sette opp lovbod i Jakob,gav ei lov i Israelsom han baud våre fedrargjera kjend for sine born,
6 så neste slektsledd,dei born som sidan vart fødde,skulle læra lova å kjenna.Dei skulle stå framog kunngjera henne for sine born,