7 så dei kunne setja si lit til Gudog ikkje gløyma Guds gjerningar,men halda hans bod.
8 Dei skulle ikkje bli som sine fedrar,ei slekt som var trassig og opprørsk,ei slekt som ikkje gjorde hjartet fastog ikkje var trufast mot Gud i si ånd.
9 Efraim-folket, væpna med bogar,snudde på stridens dag.
10 Dei heldt ikkje Guds paktog nekta å følgja hans lov.
11 Dei gløymde hans gjerningar,dei underfulle verk han hadde synt dei.
12 Han gjorde under for deira fedrari Egypt, på markene ved Soan.
13 Han kløyvde havet og førte dei overmedan han lét vatnet stå som ein voll.