4 Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,månen og stjernene som du har sett der,
5 kva er då eit menneske – at du hugsar på det,eit menneskebarn – at du tek deg av det?
6 Du sette han lite lågare enn Gudog krona han med herlegdom og ære.
7 Du sette han til herre over det dine hender har skapt,alt la du under hans føter:
8 småfe og storfe i samla flokk,dei ville dyra på marka,
9 fuglane under himmelen og fiskane i havet,alt som ferdast på havsens stigar.
10 Herre, vår herre,kor herleg ditt namn er over heile jorda!