4 Blås i horn ved nymåneog ved fullmåne, på vår høgtidsdag.
5 For det er ei forskrift i Israel,ei lov frå Jakobs Gud.
6 Han gjorde det til eit lovbod i Josefdå han drog ut frå Egypt.Eg høyrer eit språk eg ikkje kjende:
7 Eg fria hans aksel frå børa,hendene slapp å bera korga.
8 I trengsle ropa du, og eg fria deg ut;løynd i toreskya svara eg deg,ved Meriba-kjelda prøvde eg deg. Sela
9 Høyr, mitt folk, eg formanar deg!Israel, om du berre ville høyra på meg!
10 Ingen framand gud må finnast hos deg,du skal ikkje bøya deg for gudar frå framande land!