1 Ein salme av Asaf.Gud står fram i gudars forsamling,midt mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de dømma med urettog halda med dei skuldige? Sela
3 Hjelp svake og farlause til deira rett,frikjenn hjelpelause og fattigfolk,
4 berg fattige og svake,fri dei frå handa til dei lovlause!
5 Dei veit ingenting, skjønar ingenting,dei ferdast i mørker,alle grunnvollar under jorda vaklar.