10 Gjer med dei som med Midjan,som med Sisera og Jabin ved Kisjon-bekken.
11 Dei vart utrydda ved En-Dor,vart til gjødsel på marka.
12 Lat fyrstane deira bli som Oreb og Seeb,alle hovdingane som Sebah og Salmunna!
13 For dei sa: «Vi vil ta Guds beitemarker i eige.»
14 Min Gud, lat dei bli som tisteldun,som halmstrå for vinden!
15 Som elden brenner opp ein skogog logane set fjell i brann,
16 slik må du jaga dei med din stormog skremma dei med dine stormkast.