5 Dei seier: «Kom, lat oss sletta dei ut som folk,så Israels namn ikkje blir hugsa meir!»
6 Dei held råd og blir samde,dei lagar ei pakt mot deg,
7 Edoms telt og ismaelittane,Moab og hagrittane,
8 Gebal, Ammon og Amalek,Filistarland og dei som bur i Tyros,
9 jamvel Assur sluttar seg til deiog er ein sterk arm for Lots søner. Sela
10 Gjer med dei som med Midjan,som med Sisera og Jabin ved Kisjon-bekken.
11 Dei vart utrydda ved En-Dor,vart til gjødsel på marka.