1 Til korleiaren. Etter Gittit. Av Korah-songarane. Ein salme.
2 Kor elskelege dine bustader er, Herre Sebaot!
3 Eg lengta, ja, tærtest bort av lengseletter Herrens føregardar.No jublar hjarte og kropp mot den levande Gud.
4 Sporven har funne ein heim,svala har fått seg eit reirder ho kan leggja sine ungar,ved dine altar, Herre Sebaot,min konge og min Gud.
5 Sæle er dei som bur i ditt hus,dei skal alltid lova deg. Sela
6 Sæle er dei som har sin styrke i deg,dei som lengtar etter å fara opp til tempelet.
7 Når dei fer gjennom dalen med baka-tre,gjer dei han til ei kjelde.Haustregnet legg òg si signing over han.