5 Sæle er dei som bur i ditt hus,dei skal alltid lova deg. Sela
6 Sæle er dei som har sin styrke i deg,dei som lengtar etter å fara opp til tempelet.
7 Når dei fer gjennom dalen med baka-tre,gjer dei han til ei kjelde.Haustregnet legg òg si signing over han.
8 Dei går frå kraft til kraft,dei stig fram for Gud på Sion.
9 Herre, allhærs Gud, høyr mi bøn,vend øyret til, du Jakobs Gud! Sela
10 Gud, vårt skjold, vend auga hit,sjå på han du har salva!
11 Ja, éin dag i dine føregardarer betre enn tusen andre.Å liggja ved dørstokken til min Guds huser betre enn å bu i lovlauses telt.