1 Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.
2 Herre, du har vist godvilje mot landet ditt,du vende lagnaden for Jakob.
3 Du tok bort skulda til folket ditt,dekte over all deira synd. Sela
4 All din harme tok du tilbake,du vende deg om frå din brennande vreide.
5 Før oss tilbake, Gud, vår frelsar,lat din uvilje mot oss ta slutt!
6 Vil du vera harm på oss for alltidog la vreiden vara frå slekt til slekt?
7 Er det ikkje du som vekkjer oss til liv på nyttså folket ditt kan gleda seg i deg?