11 Gjer du under for dei døde,står daudingar opp og prisar deg? Sela
12 Fortel dei om di miskunn i grava,om din truskap i avgrunnen?
13 Blir dine under kjende i mørkret,di rettferd i det gløymde landet?
14 Eg ropar til deg, Herre,kvar morgon kjem mi bøn fram for deg.
15 Kvifor støyter du meg bort, Herre,kvifor løyner du andletet for meg?
16 Frå ungdomen av har eg vore hjelpelaus, ja, døden nær.Du fyller meg med redsle, eg er rådvill.
17 Din harme slår over meg,dine redsler gjer ende på meg.