4 Mitt liv er fylt av ulukker,eg står ved dødsrikets rand.
5 Eg blir rekna til dei som har gått i grav,eg er som ein mann utan kraft.
6 Eg er forlaten mellom dei døde,lik falne som ligg i grav.Du kjem dei ikkje lenger i hug,dei er støytte bort frå di hand.
7 Du har lagt meg i hòla der nede,i det mørke djupet.
8 Din harme kviler tungt på meg,du lèt dine brotsjøar slå over meg. Sela
9 Du har drive venene mine bortog fylt dei med avsky for meg.Eg er stengd inne, eg kjem ikkje ut,
10 auget veiknar i mi naud. Herre, eg ropar til deg kvar dag,eg retter hendene ut mot deg.