8 Din harme kviler tungt på meg,du lèt dine brotsjøar slå over meg. Sela
9 Du har drive venene mine bortog fylt dei med avsky for meg.Eg er stengd inne, eg kjem ikkje ut,
10 auget veiknar i mi naud. Herre, eg ropar til deg kvar dag,eg retter hendene ut mot deg.
11 Gjer du under for dei døde,står daudingar opp og prisar deg? Sela
12 Fortel dei om di miskunn i grava,om din truskap i avgrunnen?
13 Blir dine under kjende i mørkret,di rettferd i det gløymde landet?
14 Eg ropar til deg, Herre,kvar morgon kjem mi bøn fram for deg.