15 Rettferd og rett er grunnvoll for di trone,miskunn og sanning kjem fram for deg.
16 Sælt er det folket som kan ropa av jubel.Dei ferdast i lyset frå ditt andlet, Herre.
17 Heile dagen jublar dei over ditt namn,dei triumferer ved di rettferd.
18 Du er deira styrke og prakt,ved din godvilje får vi kraft.
19 Skjoldet vårt høyrer Herren til,kongen vår høyrer Israels Heilage til.
20 Den gong tala du i eit syn til dine trugne:«Eg set ein helt til å hjelpa,reiser opp ein utvald frå folket.
21 Eg fann David, min tenar,eg salva han med mi heilage olje.