2 Eg vil alltid syngja om Herrens miskunn,frå slekt til slekt skal min munn gjera din truskap kjend.
3 Eg seier: Miskunn blir bygd for evig,din truskap er grunnfest i himmelen.
4 «Eg gjorde ei pakt med min utvalde,svor ein eid til David, min tenar:
5 Eg grunnfester di ætt til evig tid;eg vil byggja di trone frå slekt til slekt.» Sela
6 Himmelen prisar dine under, Herre,forsamlinga av dei heilage prisar din truskap.
7 For kven i skyene er Herrens like,kven mellom gudesøner er som Herren,
8 ein stor og skremmande Gud i rådet av dei heilage,meir verd å frykta enn alle som omgjev han?